ULLNYTT - Vår 2014 - page 9

Ullnytt vår 2014 årgang 2 nummer 3
9
Laget vart stifta
9.okt 1997. Bonde-
kvinnelaget i bygda
hadde i mange år
dreve husflidsutsal i
lag med vevstove, og
nå ville dei slutte
med utsalet. Ein del
av leverandørane til
utsalet gjekk saman
og starta husflidslag
med mål om å drive
utsalet Eira Husflid
vidare. Det var starten.
Dei første åra dreidde
aktiviteten i laget
seg stort sett om å
utvikle Eira Husflid
og turistinfo. Vi
hadde loddsal, jule-
messer og basarar
for å få inn pengar.
Samstundes dreiv vi
med kommisjonssal av
heimelaga husflids-
produkt frå 80-90
leverandørar busett
i kommunen, eller nært
knytta til kommunen.
Vi hadde turistinfo
om sommaren.
Sidan oppstarten har
vi vore mellom 30 og
40 medlemmar frå dei
fleste bygdene i Nesset,
samt nokre frå nabo-
kommunar. Vi driv
Eira Husflid, har stor
julemesse, medlems-
møte, kursaktivitetar,
strikkekafear, sy/
strikkekveldar og elles
andre aktivitetar
innimellom dei faste.
Vi vekslar mellom å
ha møte og aktivitetar
i Eresfjord og Eidsvåg.
Det vert lagt ned
betydeleg med dugnads-
arbeid kvart år for
å få både husfliden
og andre aktivitetar
til å gå, men vi har
ivrige og engasjerte
medlemmar, så vi er
optimistiske med
tanke på framtida
for laget vårt.
ERESFJORD
HUSFLIDSLAG
1,2,3,4,5,6,7,8 10,11,12,13,14,15,16
Powered by FlippingBook