Skiheisen nr 100

Skiheisen 4 November 2017 33 år og 100 nummer! Det du holder i hånda nå er den 100. utga- ven av Skiheisen. I 33 år har den formidlet stort og smått fra Alpinbransjen over hele landet, og vært en kjærkommen inntekt- skilde for Alpinanleg- genes landsforening. I den forbindelse synes vi det er passende med et tilbakeblikk, og vi lar tidligere redaktør, og vi tillater oss å kalle han avisens «far», Ragnvald Støyva, fortelle oss historien om tilblivelsen. Tekst: Ragnvald Støyva Slik blei Skiheisen skapt I august 1984 var det eit to-dagers styremøte på Wadahl Turisthotell. Hotelldirektør Tore Wadahl var styremedlem i NSHF. Det hadde i flere år blitt snakka om at foreninga burde ha eit medlemsblad. Skulle NSHF bli ein god nok organisasjon, var dette helt nødvendig, men så var det dette med økonomien. Kor mykje pengar hadde foreninga råd å bruke til å lage blad, trykke og distribuere? Og kven skulle lage dette bladet? Eg hadde erfaring med journa- listisk arbeid og hadde også hatt ansvaret for ein del reklameavi- ser og hadde kunnskap om kost- nader med trykking. Så kom det frå meg eit dristig spørsmål. Kvifor skal det koste noko å gje ut eit medlemsblad? Vi bør hel- ler tene litt pengar. Fleire syntest ideen var god, men var det rea- listisk? Første styredag hadde skapt ide- en, og eg heldt fram med tankar og tal på rommet. Neste morgen hadde eg skisse for opplegget og kalkyle klar. Eg sa meg viljug å lage den første utgave. Styret slo til og gav meg tittel som redak- tør. Det gjekk så med en god del tid å diskutere mulege annon- sørar og kva stoff vi burde få med. Videre blei det funderingar om namn. Eg huskar ikkje kven som kom med ideen, men i det øyeblikk ordet SKIHEISEN blei nemnt, var ingen i tvil om at dette var ein fulltreffar. Sty- remedlemmene fekk oppdrag å skrive artiklar og eg fekk tips om andre som kanskje hadde godt stoff. Det kom forslag om aktuelle annonsørar, for eit godt resultat på det området var heilt nødvendig. DETTE ER SKIHEISEN NR 1: Etter oppfordring fann eg fram Skiheisen nr 1| frå oktober 1984. Det er nesten ikkje til å tru at no er vi komne til nr 100. Eg hadde heller ikkje i tankane at eg skulle halde på i 30 år og avslutte med nr 93 mai 2015. Det har vore ei utruleg utvikling når det gjeld å lage aviser. Forskjellen i kvalitet er neste som dag og natt. For ikkje å snakke om levering av tekst og bilde. I fleire år var det berre post, no er det E-post og fargebilde. Eg har lært veldig mykje og Skiheisen blei ein livsstil. Eg er glad for at nye folk tok over ansvaret og fører alpinbransjens avis vidare. HER ER STYRET SOM GJORDE VEDTAKET: Framme frå v. Ole Chr Holm Dahl (formann) Rolf Engh (generalsekretær). Bak frå v: Harald Flaaten (viseformann) Tore Wadahl, Kristian Sanaker og Ragnvald Støyva (redaktør) WADAHL TURISTHOTELL: Her blei det historiske vedtak om Ski- heisen protokollert. NR 100

RkJQdWJsaXNoZXIy NDk2MDc=